Tusenprosjektet

Ok, då skal eg “offentleggjere” det.

Eg lurte fælt på kva nyttårsforsettet for 2009 skulle vere. Så kom eg fram til at det måtte vere å lære seg ein del nye songar til trubadurrepertoaret. Men kor mange?
Etter nøye gjennomtenking kom eg fram til det gylne talet. 1000. Eitt tusen.

Vel, så var det kanskje ikkje så nøye gjennomtenkt likevel. Eitt tusen låtar er mykje. Veldig mykje. Men til meir eg tenkte på det og angra meg, til meir provosert vart eg. Kvifor skal ikkje dette vere mogleg? Til slutt måtte eg bukke under for mitt eige press. Eg ville prøve. Så no annonserar eg det - eg skal la det stå til!

No skal det seiast at dette målet er frykteleg krevjande å nå innan 2010. Men målet står like fast, det er uansett ein vinn-vinn-situasjon, då repertoaret  kjem til å vekse betrakteleg. Eg kan for ordens skuld definere prosjektet litt meir spesifikt. Eg kan seie at målet for kvar song er å kunne både tekst og akkordar utenat. Eg tillet meg også å trekkje ifrå dei låtane eg kan frå før - eg reknar med det er ein plass mellom 120 og 150. Så i verste fall må eg lære 880 nye låtar. Det første delmålet blir å nå 200 låtar.

No har allereie ein god del av januar passert, og eg er framleis i startgropa. Men eg tenkte at dette kan vere ein fin ting å blogge om, så framover skal eg halde dykk underretta om “tingenes tilstand”. Eg forskar litt på ulike metodar for å konsumere så mykje nytt materiale, og det skal eg skrive litt om seinare!

Vi skrivast/lesast!

2 kommentarar til “Tusenprosjektet”


  1. 1 Camilla

    Ha ha ha!! Ej GLER mej te å følge me!

  2. 2 Kjellen

    Dette er fantastisk, Øystein! For ein genial idé! Eg hadde eigentleg tenkt å snike nokre trubadurtips frå deg, men denne ideen var inspirasjon nok i augneblinken. c^^,

Legg att ein kommentar