Takknemlige gutar!

Nok ei Gran Prix-helg er unnagjort, og for ei helg det var. Først Det Grøne Treet i Volda på fredag, og Basecamp i Stryn på laurdag. Vi kunne ikkje vore meir nøgde med publikumsoppmøte, stemning og alle dei positive folka vi hadde rundt oss. Slike helger stikk seg ut og gjer at ein set ekstra stor pris på å få lov til å reise rundt og underhalde slik vi gjer. Det er også veldig kjekt at Gran Prix-maskineriet har byrja å gå for fullt, og vi gler oss til alle komande spelejobbar og vonar at nettopp DU får ei god oppleving når vi kjem for å spele for deg.
Over og ut - no lokkar søndagssofaen!

På vegne av Gran Prix-gutta,
Eckhoff.

1 kommentar til “Takknemlige gutar!”


  1. 1 check this

    Przez takie teksty jak te na twojej stronie pokochałem wirtualne dzienniki

Legg att ein kommentar