Archive

I desse travle revytider…

Ja, hausten har sett inn for alvor, og det er jo vel like greit spør du meg. Studentveka i Volda som tradisjonelt sett har gått av stabelen på nyåret har no vorte flytta til midten av september. Og som alltid - ingen studentveke utan revy! Også i år har eg fått æra av å være kapellmeister, noko eg er svært takksam for. La oss vone at denne revyen bankar livskiten ut av alle dei tidlegare revyane (noko som truleg har vore målsetjinga for alle dei føregåande revyane). Frå spøk til revolvar, som ein historielærar sa, så jobbast det i skrivande stund på spreng hjå skodespelarar, koreografar, kostymelagarar og ja, ju neim it! Så dette vert sikkert knall. Sketsjar, skråblikk, musikk - ei heilaftan. Sjekk veka.no og rokken.no for nærmare informasjon.

Knekkoff.

Bryllaup

Eg må få helse til dei to brurepara eg har fått spele for i sommar! Det var ei ny erfaring for min del å få spele til bryllaupsdans - og til og med brurevals! Freistar til gjentaking - vonleg med nye brurepar… Hjarteleg til lukke!

Eckhoff.

Sol og sumar…

Ja, sumaren går mot slutten. Eg kan ikkje seie at den har vorte brukt så effektivt - kanskje på grunn av ein kombinasjon av pur latskap og periodevise heitebølgjer over vestlandet. Men om ikkje anna, så har eg fått tak i ein etterlengta pedalsteel, og dagane går no i å prøve å finne ut om dette i det heile teke går an å spele på. Voneleg gir svaret seg om nokre månader. Elles hadde eg den lengste trubadurreisa hittil for ikkje så lenge sidan, til Bogøyvær i Sør-Trøndelag. Sår og hes i halsen fekk eg høve til å underhalde tørste trønderar på eit lite øyvær som vanlegvis har 16 fastbuande, men som i dette høvet varta opp med uteservering og 150 frammøtte! Ikkje dårleg. Og meirsmak for min del.

Ha ein fortsatt fin sommar - i alle fall det som er igjen av den…

Eckhoff.

Solokonsert på Rokken!

Onsdag 21. Mai kl 20.00 held eg solokonsert på Rokken i Volda.
Dette er i samband med bachelorstudiet i musikk ved Høgskulen i Volda. Denne konserten skal saman med ei skriftleg oppgåve fungere som eksamen.
Dette har ingenting å seie for deg som publikumar, alt kjem til å foregå som på ein vanleg konsert. Konserten varer i om lag tre kvarter. På denne konserten vil eg spele ein del Tommy Emmanuel-stoff, for dei som måtte kjenne igjen dette namnet - i tillegg til andre godbitar. Skjekk gjerne ut Tommy Emmanuel på YouTube!

Inngang 50,- kr. (ingen aldersgrense)

Vel møtt!
Helsing Eckhoff

Oppdateringar…

Smått om senn har eg oppdatert sidene her.
Ein ny låt ligg ute på “Media”, samt at repertoarsida har vorte ein smule fornya.

No kan du laste ned heile trubadurrepertoaret som Exel-fil, og eg vil oppdatere denne fila etter kvart som repertoaret veks. Om du blir frykteleg skuffa fordi du ikkje har Exel eller Office i det heile teke, ta kontakt med meg, så sender eg deg lista i posten eller noko slikt. (Kanskje eg burde få meg telefaks snart?)

Over og ut.
Eckhoff.

12-konsert

12-konserten i Volda er eit veldig flott konsept. Så og seie kvar laurdag kl 12.00 er det ein gratiskonsert i Voldakyrkja. Lokale aktørar vert “i tur og orden” forespurt om å halde konsertar, noko som er eit glimrande tilbod til musikarar som har små prosjekt på gang og treng ein arena til å eksponere seg sjølv. Idag (laurdag 9 feb) såg og høyrde eg den lokale multi-instrumentalisten Stig Ulvestad spele eit knippe sjølvkomponerte låtar på akustisk gitar. Fantastisk fin gitarlyd, og fin bruk av loop-effekter var ting eg beit meg merke i. Flott levert, Stig! (MySpace -> Stig Ulv…)

Kommande laurdag, 16 februar, er eg så heldig å få delta på 12-konserten saman med Ingvild Elgtvedt, Miriam Ekvik og Ingrid Hesjadalen. Det blir musikk frå både Nina Simone og Tommy Emmanuel, då Ingvild og underteikna får ei gyllen anledning til å vise fram noko av repertoaret vårt i forkant av bachelorkonsertane våre. Dette er konsertar som går av stabelen i mai, og fungerar som ei alternativ bacheloroppgåve i musikk ved Høgskulen i Volda.

Vel møtt kommande laurdag, og for den saks skuld resten av laurdagane framover på dei flotte 12-konsertane!

Eckhoff.

Snart komplett webside!

Då er vi snart oppe og går med denne sida.

Hjarteleg takk til Asgeir Hoem som har konstruert både logo, websida… Ja - alt det praktiske og estetiske!

På denne sida vil du finne info om meg, repertoar, pressemateriell, lydfiler, m.m.
Velkomen skal du vere! :)

Beste helsing,
Eckhoff.