
Hei, og velkomen til denne nettstaden!
Ein kort presentasjon av meg sjølv er vel på sin plass:
Mitt heile og fulle namn er Øystein Eckhoff Holsvik. Eg er sjølvstendig næringsdrivande musikar og er busett i Volda på Sunnmøre, verdas navle kan vi godt seie.
Frå barnsbein av har eg hatt høve til å klimpre på og herje med forskjellige musikkinstrument. Mest av alt har eg spelt gitar. I barndomen gjekk eg fleire år i lære på klassisk gitar, men skifta etter kvart over til akustisk- og elektrisk gitar, noko som har vorte hovudfokuset mitt i dei seinare åra i tillegg til synging og låtskriving.
Eg har jobba i forskjellige kulturskular, hovudsakleg som gitarlærar, men har også hatt verv som korpsdirigent, bandinstruktør, revyinstruktør og kapellmeister. I bandsamanheng har eg hovudsakleg hatt rolla som gitarist eller bassist, men har også erfaring som trommeslagar. Dei siste fire åra har eg jobba som trubadur og bandmusikar på heiltid, noko eg tykkjer er både spennande og artig!
Trubadur og band
Trubadurlivet fortonar seg som både gøy og utfordrande, og eg trivst veldig godt i underhaldingsrolla. Eg sit inne med mykje av det ”klassiske” trubadurrepertoaret, men er ikkje framand for å servere låtar som ligg litt på sida av dette - låtar du truleg har høyrt før, men kanskje ikkje så ofte på pub.
Eg tek eg også på meg oppdrag som kan vere litt mindre omfattande enn ein heil kveld, f.eks underhaldingsinnslag i diverse lag, anten åleine eller saman med ein eller fleire gode musikarkollegar.
Nytt av 2011 er bandet “Gran Prix”, som er ein rocketrio beståande av Torbjørn Gran, Åge Nygård og underteikna. Vi har det sabla gøy ilag, og spelar kjend populærmusikk til festlege høver. (Sjå gjerne nettstaden vår - www.granprix.no)
Vil du nytte deg av tenestene mine som trubadur, bandmusikar eller kanskje til å underhalde i eit spesielt høve? Ta kontakt med meg via telefon eller e-post (sjå bookingsida).
Ha ein fin ein!
Med venleg helsing
Øystein Eckhoff