Face book er kjempe bra

Eg har ei unnskyldning å kome med. Eg har i lengre tid undra meg over den aukande orddelinga. I dag tok eg meg ei runde på internett, og las litt om norsk gramatikk. Flaut var det å finne ut at det eg heile tida har kalla orddeling eigentleg heiter særskriving. Som man sår, haustar man, osv… Jaja, så gjorde eg ein feil, men tanken var god - og undringa er på nippet til å gå over i irritasjon.

Det er på Facebook det skjer. Chatting, beskjedar på tavlene til kvarandre, og statusoppdateringar. Kvardagslege små skriverier. Folk loggar seg inn og vil fortelje verda kva dei har gjort idag, og tastar i veg: «har vore på på ein kjempe gøy fjell tur». Særskrivingane sprutar, og orda står for seg sjølve - nakne og kalde utan mål og meining. Kom an, folkens! No lyt vi ta i eit tak, før det går rett vest med skriftspråket vårt. Dei fleste kan vel forstå at det er litt rart å skrive «lamme lår», eller «fri syre», når ein eigentleg meiner lammelår og frisyre. Langt mindre skriv vi «snø scooter» eller - kanskje den vanlegaste feilen av dei alle - «kjempe gøy». Mange har gløymt skrivereglar i norsk, det er ikkje rart. Det er mange som har gløymt ein del køyrereglar i trafikken òg. Å hive ut nokre ord som «kjempe gøy» er ikkje farleg. Dei fleste forstår kvar ein vil. Det er heller ikkje så frykteleg farleg å leggje seg i feil fil i rundkøyringa på Rotset i Volda. Der kjem som regel få bilar, og dei fleste skjønar kvar du vil. Men det er nå ein gong feil. Så her kjem ei lita oppfrisking i køyrereglane i norsk rettskriving, avdeling 3, paragraf 2: Særskriving og samanskriving (henta frå korrekturavdelingen.no):

Særskriving kalles det når flerleddete uttrykk skrives atskilt (i dag); sammenskriving kalles det når flerleddete uttrykk skrives i ett (hentesveis).Sammensatte ord (som hentesveis og løsnese) skal ikke ha mellomrom i norsk (les meir her).

Det som truleg forvirrar mange, er at i engelsk kan ein operere med særskriving, medan ein ikkje gjer det i norsk (vanlegvis). F.eks. heiter det «gas station» på engelsk, medan det på norsk skrivast «bensinstasjon».
Hugs dette, og det vil gå deg vel.

Ha ein kjempe fin dag!
Helsing Eckhoff, som veit at han ikkje har blogga på evigheiter, men kan love at har planar på gong.

6 kommentarar til “Face book er kjempe bra”


  1. 1 Gunnhild

    Word! Eg trur eg nettopp vart enno meir glad i deg enn før :) Dette innlegget kunne eg ha posta sjølv. Ord deling suger :P

  2. 2 Jacelyn

    Hello there, You have done a fantastic job. I
    will definitely digg it and personally recommend to my friends.
    I am confident they will be benefited from this web
    site.

  3. 3 Isidra

    If you wish for to increase your know-how only keep visiting this web page and be updated with the most recent
    news posted here.

  4. 4 ankara adliyesi

    Hello my family member! I want to say that this article is awesome, great written and come with almost all important infos.
    I would like to look more posts like this .

  5. 5 Adrianna

    Whenever you advise a ruler in the way of the Tao,.

    Judo is a modern self defense style that originated in Japan in the late nineteenth century.

    You need an ffective logistics and transportation management strategy iin place, as detailed in oour article on “Logistkcs Management”.

    my website - banksy art (Adrianna)

  6. 6 Karina

    Attractive part of content. I just stumbled upon your web site
    and in accession capital to assert that I get actually enjoyed account your weblog posts.
    Any way I’ll be subscribing on your augment and even I success you get right of entry to persistently quickly.

Legg att ein kommentar