Arkiv for 'Nyhende' Category

Radio Norge

Helga nærmar seg, og eg skal sette meg i bilen for å køyre til nye speleoppdrag. På vegen har eg selskap av Radio Norge - radiokanalen med den varierte musikken. Eg høyrer den mørke stemma proklamere - “Radio Norge - variert musikk fra de siste fire tiår.” Vel, eg har høyrt etter ei stund no. Det kjem aldri noko klassisk. Heller ikkje indisk musikk eller undergrunnsband. Er eg blitt lurt?

Neida. Det er sjølvsagt iscenesatt alt ihop. Vi høyrer U2 og Queen boltre seg på stasjonen gong etter gong - og helst dei same songane. Det er greitt, det  Radio Norge. Eg innrømmer det gladeleg - eg søkjer meg ikkje inn på P2 når eg har Bono i øyret. Men kom ikkje her og sei at det er variert musikk.  Listepop frå 70-talet og oppover er ikkje variert musikk. Det er listepop frå 70-talet og oppover. Ferdig med det. Ikkje variert musikk. Høyrer eg plutseleg Mari Boine eller Charlie Hayden på Radio Norge, då kan vi kanskje diskutere det. Men ikkje slik stoda er no. Bytt til “Radio Norge - et snevert utvalg musikk fra de siste fire tiår”, så skal eg smile nøgd.

The Simones på Rokken i Volda

Tysdag 12 mai gler vi oss til. I alle fall vi i The Simones. Det er eitt år sidan vi stod på Rokkenscena førre gong, då Ingvild framførde bachelorkonserten sin. Eitt år seinare har vi addert nye låtar til repertoaret - stadig med nye tolkingar og musikalske vriar. Vi er veldig spente på ny Rokkenkonsert, og vi vonar sjølvsagt at du har høve til å treffe oss på ein tysdagskveld. Vi vil ta imot deg med blues, gladjazz, folk, soul og funk!

Hjarteleg velkomne!

Tysdag 12 mai 2009
Rokken Scene, Volda
Konsertstart kl 21.00
Inngong: 100/70 (Vidaregåande elevar og internasjonale studentar - 50 kr)

PS! Musikalske smakebitar finn du på mediasida, samt myspace.com/simonesmusikk

Peace and Love!
Eckhoff.

The Simones

Då har eg lagt ut to nye lydfiler på mediasida. Dette er låtar frå ein demo av The Simones, eit jazz/bluesband eg er delaktig i. The Simones starta som eit “eksamensband”, då vokalist Ingvild Elgtvedt trengde eit komp til sin eksamenskonsert på bachelorstudiet i musikk i Volda. Den raude tråden hennar var låtar av den afroamerikanske pianisten og songarinna Nina Simone (1933-2003). Dette bandprosjektet viste seg særs moro, både musikalsk og sosialt, og dermed var The Simones eit faktum. Hausten 2008 køyrde vi den kronglete vegen inn til Svein Erik Åmås i Audiofarm for å feste noko av materialet på teip. Ein tredjedel av resultatet kan du no høyre på mediasida. Eg mistenkjer at det kjem ein MySpace-link her etter kvart òg. I mellomtida - god lytting!

Musikarane på innspelinga er: Ingvild Elgtvedt (vokal), Ingrid Hesjadalen (piano), Miriam Ekvik (trommer), Ingrid Sæbø (tenorsaksofon), samt underteikna (bass/gitar).

Skulle du få lyst til å booke oss til ein gedigen jazz/blues-festival og betale hundretusenvis av kroner, er det berre å ta kontakt!

Med venleg helsing frå
The Simones / Eckhoff

Tusenprosjektet

Ok, då skal eg “offentleggjere” det.

Eg lurte fælt på kva nyttårsforsettet for 2009 skulle vere. Så kom eg fram til at det måtte vere å lære seg ein del nye songar til trubadurrepertoaret. Men kor mange?
Etter nøye gjennomtenking kom eg fram til det gylne talet. 1000. Eitt tusen.

Vel, så var det kanskje ikkje så nøye gjennomtenkt likevel. Eitt tusen låtar er mykje. Veldig mykje. Men til meir eg tenkte på det og angra meg, til meir provosert vart eg. Kvifor skal ikkje dette vere mogleg? Til slutt måtte eg bukke under for mitt eige press. Eg ville prøve. Så no annonserar eg det - eg skal la det stå til!

No skal det seiast at dette målet er frykteleg krevjande å nå innan 2010. Men målet står like fast, det er uansett ein vinn-vinn-situasjon, då repertoaret  kjem til å vekse betrakteleg. Eg kan for ordens skuld definere prosjektet litt meir spesifikt. Eg kan seie at målet for kvar song er å kunne både tekst og akkordar utenat. Eg tillet meg også å trekkje ifrå dei låtane eg kan frå før - eg reknar med det er ein plass mellom 120 og 150. Så i verste fall må eg lære 880 nye låtar. Det første delmålet blir å nå 200 låtar.

No har allereie ein god del av januar passert, og eg er framleis i startgropa. Men eg tenkte at dette kan vere ein fin ting å blogge om, så framover skal eg halde dykk underretta om “tingenes tilstand”. Eg forskar litt på ulike metodar for å konsumere så mykje nytt materiale, og det skal eg skrive litt om seinare!

Vi skrivast/lesast!

Godt Nyttår?

Det lovar i alle fall godt. To helger av det nye året er unnagjort, først vinterfestivalen på Rica Hotell i Førde, så ei kanon helg på ShamRock (gamle Kickoff) i Florø.

Vinterfestivalen i Førde er eit stort og årvisst helgearrangement i regi av bookingbyrået Engelbrektsson, og mange av artistane i stallen deira troppar opp både for å spele og bli kjende med andre musikarar.  I år var eg i aksjon saman med Kokken Tor (fredag), og steppa inn eit sett som trubadur på Treskeværket (laurdag). Artig!

Så bar det til Florø helga etter - og for eit liv der var! Fantastisk. Eg seier ikkje meir. Eg berre ynskjer meg tilbake til ShamRock snarast råd, og helsar det flotte publikumet i mellomtida! Takk!

Godt Nyttår, folkens! Måtte det bli eit musikalsk år med reine og klåre tonar!

Eckhoff.

Årsrapport

No er det eit drygt år sidan Trubadur Eckhoff fyrte opp høgtalarane for første gong, og eg tenkjer det er på høg tid med ein årsrapport.
For det første har det vore eit lærerikt år - mykje har blitt betre, men framleis ser eg rom for forbetringar. Nokre fortener takk - den første går sjølvsagt til Engelbrektsson for upåklageleg service, og den andre går til folk som har kome med feedback når eg har vore ute på speling. Folk har forskjellige musikkpreferansar, og slik vil det alltid vere. Difor er det viktig for meg å få tilbakemeldingar på repertoaret. Dette skjer som oftast ute på speling når publikum fyller blodet med det kjemiske stoffet etanol og blir uvsedvanleg ærlige. Greitt nok.
Om du derimot skulle ha feedback som du ikkje har fått gjeve av forskjellige årsaker, foreslår eg at du legg igjen ein beskjed i meldingsboksa på bookingsida.
Det er tidlegare sagt at ein ikkje kan gjere alle til lags - men eg seier det er jaggu lov å prøve!

Av høgdepunkt dette året må eg få trekkje fram langfredagen på Frimannsbuda i Selje og julikvelden på Treskeværket i Førde. Makan til liv… Strandstaden på Nordfjordeid fortener óg ein applaus. På gjensyn!

Eckhoff.

Litt nytt

Har no lagt nye presseskriv på mediasida, samt ei oppdatert repertoarliste (exel-fil).

Eckhoff.

Snø!

Då var det jaggu vinter i Volda. Så spørs det kor mange dagar snøen har tenkt å ligge i denne omgongen. Tør vi tippe på tre?
Ellers er det kjekt å sjå at november blir ein månad med ein del trubadurspeling, samt ein Kokken Tor-jobb. Det er stas.

Kle på dykk stilongsen og vottane, folkens! Brrr…. Og husk vinterdekka.

Eckhoff.

Raudt, gult og grønt

Dette er herlege fargar som i skrivande stund omgjer oss no i haustmånadane. Det obligatoriske regnveret er óg på plass, så no er det tid for kakao, krim og kveldskos. Nyt hausten, folkens. Både inne og ute!

Eckhoff.

Kokken Tor

Då har eg offisielt fått innpass som bassist i Kokken Tor! Tusen takk!
For dei uvitande kan eg opplyse om at dette er eit tributeband til norsk rock - intet mindre. Repertoaret strekk seg frå Marius Müller og CC Cowboys til Dum Dum Boys og de Lillos - med fleire sjølvsagt. Dette gler eg meg til å ta fatt på, Kokken Tor er allereie eit godt etablert band med mange fulle hus bak seg. Meir info om Kokken Tor finn du på:  www.kokkentor.com

Ærbødigst,

Eckhoff.