Arkiv for February, 2014

Ny heimesida er i kjømda

Det er ei god stund sidan sist det vart skrive noko vettugt på denne sida her. Ei ny heimeside er undervegs og i mellomtida får de berre ha tolmod med denne gamle sida. Ein fordel med dette er at eg framleis ser ung og frisk ut på pressebileta mine. I alle fall - her fins framleis det du treng for å kome i kontakt med meg, dog kontaktskjemaet ikkje verkar heilt optimalt. Om du sender ein beskjed på kontaktskjemaet og det verkar som om beskjeden ikkje blir sendt, fortvil ikkje - den blir sendt, og eg får desse på mail.

Når eg først sit her og tastar, så kan eg jo fortelle kva som er nytt her på min front. I skrivande stund er eg student i England, og våren 2015 er eg ferdig utdanna pianostemmar og reparatør. Yee-haa! Eg har imidlertid ikkje slutta å ta på meg speleoppdrag, og det siste halvanna året har eg delvis pendla mellom England og Noreg for å kombinere utdanning med Tore Tang og Cotton Fields. Så om du er i beit for ein musikar, er det framleis berre å ta kontakt. Og skulle pianoet ditt trenge stemming, så blir vel det også aktuelt med tid og stunder.

Ta vare på dykk sjølve, så snakkast vi plutseleg. Anten ved scenekanten, ved pianokrakken eller på Gardermoen.
Fred på jord!

Helsing Øystein.