Arkiv for July, 2011

Gran Prix!

På tide å skrible noko nytt her, ser eg. Når siste innlegget var rundt juletider, så passar det i alle fall at den neste posten er i julitider.
I Volda har sola endeleg funne ut at ho skal vise seg, fuglane syng, og…. ja, du veit. No pratar vi ikkje meir om véret. Eg kan derimot fortelje deg kva som har skjedd av nye ting dette halve året. Eg har nemleg vore så heldig å få starte opp eit nytt bandprosjekt saman med Torbjørn Gran og Åge Nygård, og vi har stått på sidan januar. Torbjørn og eg har spelt ein del ilag som duo, vi har hatt fotoseanse alle tre, fått designa logo og plakat, øvd, og laga eit opplegg som vi har veldig tru på og gler oss til å vise dykk. Og namnet, det måtte jo sjølvsagt bli: «Gran Prix».