Arkiv for November, 2010

Du grøne glitrande!

Julesesongen står for døra, og i det høvet har Tone Rustestuen og eg spelt inn ein liten julesong til dykk - “Himlen I Min Famn” av Carola Häggkvist (klikk deg inn på mediasida for å lytte). Denne låten er ein av fleire som vi vonar å få dele med dykk i løpet av adventstida.
Tone Rustestuen (vokal), Ingrid Hesjadalen (piano) og underteikna (gitar/bass) har nemleg tenkt å gjere som i fjor -  skape litt julestemning i lokalmiljøet vårt, med både tradisjonelle og meir kommersielle juleklassikarar.
Er du ein av dei som vil ha litt musikalsk krydder i førjulsstria, så heng deg på og ta kontakt med meg på tlf 414 59 600. Vi gler oss!

Helsing Ingrid, Tone og Øystein.