Arkiv for August, 2010

Ferjemannen sa “god tur”

Det var på veg heim frå eit speleoppdrag. Eg hadde parkert bilen i ferjekøa, og no måtte eg sveive ned ruta til matrosen som ville ha pengar. Alt gjekk sin vante gong, kortet inn i maskina, ut kom ei kvittering, og eg fekk att både kvittering og kort. Vanlegvis er det no eg seier ”tusen takk”, for det har mor mi lært meg, men denne gongen kom ferjemannen meg i forkjøpet. ”God tur” sa han.

”Takk for det”, fekk eg sagt, mest av rein refleks, men i ettertid skulle eg nesten ynskje eg fekk sagt det ein gong til. Ein ferjematros som seier ”god tur” er ikkje kvardagskost. I alle fall har ikkje eg opplevd det slik. Kanskje er det nye direktiv frå høgste hald i ferjeselskapet Fjord1, eller så var det muligens denne eine matrosen som hadde bestemt seg for å vere litt ekstra vennleg, for eg hørte at han sa det til nestemann òg. Uansett kva som var grunnen, var det veldig hyggelig. Takk skal du ha!