Arkiv for January, 2010

20 prosent rabatt

Det var i førjulsstria. «No skal du sjå her»,  sa den eldre herremannen bak skranken. Han hadde akkurat hjelpt meg og min bedre halvdel med å plukke ut nokre interiørartiklar, og var på veg til å taste inn varene på det gamle kassaapparatet, idet han kom på at to av varene var nedsett med 20 prosent. Han snudde skriveblokka si mot meg, så eg òg skulle sjå kva han hadde notert. I ettertid innsåg eg kor tåpeleg eg må ha sett ut, der eg stod og mest fekk hakeslepp fordi han hadde rekna ut eit 20 prosents avslag på gamlemåten - med blyant og papir. To strek under svaret hadde han òg.  Eg hugsar at eg lot blikket vandre over disken, truleg for å sjekke kvar kalkulatoren låg. «Som du ser blir det 680 kroner» sa han og såg på meg for å verifisere. «Jau, det blir det nok» sa eg litt fortumla - meir imponert over korleis han hadde sett opp reknestykket, enn at eg var kapabel til å faktisk sjekke om det stemte. Eg drog fram kortet, og betalte det som stod på skjermen.

Klokka var blitt over stengetid, og som dei siste kundane vart vi eskortert ut bakvegen så han kunne låse butikken. Vi vart ståande og prate om laust og fast, og han fortalde litt om gardsbruket sitt og dei tunge arbeidsoppgåvene som høyrde med. Vi slo fast at det var viktig å halde seg i form, både fysisk og mentalt. «Ja, eg er jo trass alt to-og-åtti år» sa han og lo. Eg trudde først eg hadde hørt feil, men det hadde eg ikkje. Eg vart heilt paff, og lurte på korleis han kunne halde seg så uforskamma sprek. Oppskrifta var enkel, måtte eg forstå. Det er berre å halde kroppen og hjerna i gong med noko. «Som for eksempel fysisk gardsarbeid» sa han.
«Og å rekne ut rabattar med penn og papir», tenkte eg og smilte.