Arkiv for July, 2009

Den belgiske haikaren

Eg hadde ei artig oppleving førre dagen. Eg køyrde heim frå eit trubaduroppdrag utanfor Førde og passerte Skei idet eg såg ein haikar stå ved vegen. Eg hadde god plass i bilen, så eg bestemte meg raskt for å stoppe. For det første vart denne haikaren ganske paff av at eg stoppa, han fortalde meg at eg var den første bilen som hadde køyrt forbi sidan han stakk ut tommelen, og forventa aldeles ikkje haik på første forsøk. Dette viste seg å vere ein belgisk kar - truleg i byrjinga av 20-åra, som tydelegvis hadde fylgt med i engelsktimane sine, og var veldig hyggeleg og lett å prate med. Han hadde tenkt seg til Trollstigen via Stryn, så eg sa eg kunne svippe han til Byrkjelo.
Eg var naturleg nok nyskjerrig på kva han gjorde på desse traktene, og han fortalde velviljug om reisa si. Eg vart overrumpla over svara eg fekk. Han hadde haika seg rundt i Europa i fleire månader. Noreg var det nittande landet han vitja, og hadde allereie vore her i eit par veker og sett mykje fint. Han hadde verken kart eller nokon form for skriftleg reiseguide, han simpelthen prata med folka han fekk haik hos, og fylgde reisetipsa deira. Han tykte haiking var ein fantastisk måte å oppleve landa på, for han hadde alltid ein personleg guide i førarsetet. Han hadde med seg eit telt, sovepose, kle, stormkjøkken og litt pengar. Han hadde lagt igjen alt av elektronikk heime, både mp3-spelar, laptop, mobiltelefon - ja, til og med klokka si hadde han lagt igjen. Han hadde ikkje snøring på kva klokka var! Då måtte eg ta meg i å le. Men såklart - han trengde ikkje vite kva klokka var. Han ville berre sjå naturen, og kose seg i nuet. Han hadde ingen overordna plan for reisa, og visste slettes ikkje når han kom til å haike seg heim att. Han fortalde at han ikkje trengde å ha med seg musikk, han høyrde ofte musikk på bilradioane, og om kvelden høyrde han på fuglekvitter og elvebrus. Eg vart nesten stressa av tanken. Han hoppa av på Byrkjelo, takka for turen og stilte seg opp for neste haiketur. Eg køyrde vidare med surrande tankar.

Eg måtte erkjenne for meg sjølv at dette hadde vore ei oppleving. Det hadde ganske enkelt vore ei innsikt i ro og mak i praksis. Kunne eg klart det same?

The Simones på Moldejazz

The Simones har fått innpass på Moldejazz i år!  Vi takkar og bukkar høgt og djupt. No er vi nyst heimkomne frå ei koseleg helg i Suldal, der vi heldt konsert på Kulturhuset. No ladar vi batteria i sommarbrisen, og gjer oss klare til både Alexandraparken og Rådhusplassen i rosenes by. Vi vert glade om du kjem og høyrer på oss!

Torsdag 16 juli kl. 21.00 - Alexandraparken (utescene, gratis)
Fredag 17 juli kl. 15.00 - Rådhusplassen (utescene, gratis)

Vel møtt!

Helsing oss i The Simones.