Det var på veg heim frå eit speleoppdrag. Eg hadde parkert bilen i ferjekøa, og no måtte eg sveive ned ruta til matrosen som ville ha pengar. Alt gjekk sin vante gong, kortet inn i maskina, ut kom ei kvittering, og eg fekk att både kvittering og kort. Vanlegvis er det no eg seier ”tusen takk”, for det har mor mi lært meg, men denne gongen kom ferjemannen meg i forkjøpet. ”God tur” sa han.
”Takk for det”, fekk eg sagt, mest av rein refleks, men i ettertid skulle eg nesten ynskje eg fekk sagt det ein gong til. Ein ferjematros som seier ”god tur” er ikkje kvardagskost. I alle fall har ikkje eg opplevd det slik. Kanskje er det nye direktiv frå høgste hald i ferjeselskapet Fjord1, eller så var det muligens denne eine matrosen som hadde bestemt seg for å vere litt ekstra vennleg, for eg hørte at han sa det til nestemann òg. Uansett kva som var grunnen, var det veldig hyggelig. Takk skal du ha!
Tida går, Gjensidige består, skjegget gror taktfast, rynkene er ikkje langt unna, og ein byrjar å sette pris på ting som naturen, fred og ro, kaffi om morgonen og så bortetter. Ein merkar brått at ein er litt eldre, og at ein kanskje kunne ha pussa seg opp littegrann. Difor tok eg og dressa meg opp ein vårdag og lot Marit Lystad Johansen få knipse ein haug med nye pressebilete. I ettertid har vi gått gjennom den haugen, filtrert med tette maskar og enda opp med nokre få der eg såg oppegåande ut. Resultatet kan du kike/klikke på i mediasida. Ny plakat er òg undervegs!
Det var i førjulsstria. «No skal du sjå her», sa den eldre herremannen bak skranken. Han hadde akkurat hjelpt meg og min bedre halvdel med å plukke ut nokre interiørartiklar, og var på veg til å taste inn varene på det gamle kassaapparatet, idet han kom på at to av varene var nedsett med 20 prosent. Han snudde skriveblokka si mot meg, så eg òg skulle sjå kva han hadde notert. I ettertid innsåg eg kor tåpeleg eg må ha sett ut, der eg stod og mest fekk hakeslepp fordi han hadde rekna ut eit 20 prosents avslag på gamlemåten - med blyant og papir. To strek under svaret hadde han òg. Eg hugsar at eg lot blikket vandre over disken, truleg for å sjekke kvar kalkulatoren låg. «Som du ser blir det 680 kroner» sa han og såg på meg for å verifisere. «Jau, det blir det nok» sa eg litt fortumla - meir imponert over korleis han hadde sett opp reknestykket, enn at eg var kapabel til å faktisk sjekke om det stemte. Eg drog fram kortet, og betalte det som stod på skjermen.
Klokka var blitt over stengetid, og som dei siste kundane vart vi eskortert ut bakvegen så han kunne låse butikken. Vi vart ståande og prate om laust og fast, og han fortalde litt om gardsbruket sitt og dei tunge arbeidsoppgåvene som høyrde med. Vi slo fast at det var viktig å halde seg i form, både fysisk og mentalt. «Ja, eg er jo trass alt to-og-åtti år» sa han og lo. Eg trudde først eg hadde hørt feil, men det hadde eg ikkje. Eg vart heilt paff, og lurte på korleis han kunne halde seg så uforskamma sprek. Oppskrifta var enkel, måtte eg forstå. Det er berre å halde kroppen og hjerna i gong med noko. «Som for eksempel fysisk gardsarbeid» sa han. «Og å rekne ut rabattar med penn og papir», tenkte eg og smilte.
Eg har ei unnskyldning å kome med. Eg har i lengre tid undra meg over den aukande orddelinga. I dag tok eg meg ei runde på internett, og las litt om norsk gramatikk. Flaut var det å finne ut at det eg heile tida har kalla orddeling eigentleg heiter særskriving. Som man sår, haustar man, osv… Jaja, så gjorde eg ein feil, men tanken var god - og undringa er på nippet til å gå over i irritasjon.
Det er på Facebook det skjer. Chatting, beskjedar på tavlene til kvarandre, og statusoppdateringar. Kvardagslege små skriverier. Folk loggar seg inn og vil fortelje verda kva dei har gjort idag, og tastar i veg: «har vore på på ein kjempe gøy fjell tur». Særskrivingane sprutar, og orda står for seg sjølve - nakne og kalde utan mål og meining. Kom an, folkens! No lyt vi ta i eit tak, før det går rett vest med skriftspråket vårt. Dei fleste kan vel forstå at det er litt rart å skrive «lamme lår», eller «fri syre», når ein eigentleg meiner lammelår og frisyre. Langt mindre skriv vi «snø scooter» eller - kanskje den vanlegaste feilen av dei alle - «kjempe gøy». Mange har gløymt skrivereglar i norsk, det er ikkje rart. Det er mange som har gløymt ein del køyrereglar i trafikken òg. Å hive ut nokre ord som «kjempe gøy» er ikkje farleg. Dei fleste forstår kvar ein vil. Det er heller ikkje så frykteleg farleg å leggje seg i feil fil i rundkøyringa på Rotset i Volda. Der kjem som regel få bilar, og dei fleste skjønar kvar du vil. Men det er nå ein gong feil. Så her kjem ei lita oppfrisking i køyrereglane i norsk rettskriving, avdeling 3, paragraf 2: Særskriving og samanskriving (henta frå korrekturavdelingen.no):
Særskriving kalles det når flerleddete uttrykk skrives atskilt (i dag); sammenskriving kalles det når flerleddete uttrykk skrives i ett (hentesveis).Sammensatte ord (som hentesveis og løsnese) skal ikke ha mellomrom i norsk (les meir her).
Det som truleg forvirrar mange, er at i engelsk kan ein operere med særskriving, medan ein ikkje gjer det i norsk (vanlegvis). F.eks. heiter det «gas station» på engelsk, medan det på norsk skrivast «bensinstasjon». Hugs dette, og det vil gå deg vel.
Ha ein kjempe fin dag! Helsing Eckhoff, som veit at han ikkje har blogga på evigheiter, men kan love at har planar på gong.
Eg hadde ei artig oppleving førre dagen. Eg køyrde heim frå eit trubaduroppdrag utanfor Førde og passerte Skei idet eg såg ein haikar stå ved vegen. Eg hadde god plass i bilen, så eg bestemte meg raskt for å stoppe. For det første vart denne haikaren ganske paff av at eg stoppa, han fortalde meg at eg var den første bilen som hadde køyrt forbi sidan han stakk ut tommelen, og forventa aldeles ikkje haik på første forsøk. Dette viste seg å vere ein belgisk kar - truleg i byrjinga av 20-åra, som tydelegvis hadde fylgt med i engelsktimane sine, og var veldig hyggeleg og lett å prate med. Han hadde tenkt seg til Trollstigen via Stryn, så eg sa eg kunne svippe han til Byrkjelo.
Eg var naturleg nok nyskjerrig på kva han gjorde på desse traktene, og han fortalde velviljug om reisa si. Eg vart overrumpla over svara eg fekk. Han hadde haika seg rundt i Europa i fleire månader. Noreg var det nittande landet han vitja, og hadde allereie vore her i eit par veker og sett mykje fint. Han hadde verken kart eller nokon form for skriftleg reiseguide, han simpelthen prata med folka han fekk haik hos, og fylgde reisetipsa deira. Han tykte haiking var ein fantastisk måte å oppleve landa på, for han hadde alltid ein personleg guide i førarsetet. Han hadde med seg eit telt, sovepose, kle, stormkjøkken og litt pengar. Han hadde lagt igjen alt av elektronikk heime, både mp3-spelar, laptop, mobiltelefon - ja, til og med klokka si hadde han lagt igjen. Han hadde ikkje snøring på kva klokka var! Då måtte eg ta meg i å le. Men såklart - han trengde ikkje vite kva klokka var. Han ville berre sjå naturen, og kose seg i nuet. Han hadde ingen overordna plan for reisa, og visste slettes ikkje når han kom til å haike seg heim att. Han fortalde at han ikkje trengde å ha med seg musikk, han høyrde ofte musikk på bilradioane, og om kvelden høyrde han på fuglekvitter og elvebrus. Eg vart nesten stressa av tanken. Han hoppa av på Byrkjelo, takka for turen og stilte seg opp for neste haiketur. Eg køyrde vidare med surrande tankar.
Eg måtte erkjenne for meg sjølv at dette hadde vore ei oppleving. Det hadde ganske enkelt vore ei innsikt i ro og mak i praksis. Kunne eg klart det same?
The Simones har fått innpass på Moldejazz i år! Vi takkar og bukkar høgt og djupt. No er vi nyst heimkomne frå ei koseleg helg i Suldal, der vi heldt konsert på Kulturhuset. No ladar vi batteria i sommarbrisen, og gjer oss klare til både Alexandraparken og Rådhusplassen i rosenes by. Vi vert glade om du kjem og høyrer på oss!
Torsdag 16 juli kl. 21.00 - Alexandraparken (utescene, gratis)
Fredag 17 juli kl. 15.00 - Rådhusplassen (utescene, gratis)
Helga nærmar seg, og eg skal sette meg i bilen for å køyre til nye speleoppdrag. På vegen har eg selskap av Radio Norge - radiokanalen med den varierte musikken. Eg høyrer den mørke stemma proklamere - “Radio Norge - variert musikk fra de siste fire tiår.” Vel, eg har høyrt etter ei stund no. Det kjem aldri noko klassisk. Heller ikkje indisk musikk eller undergrunnsband. Er eg blitt lurt?
Neida. Det er sjølvsagt iscenesatt alt ihop. Vi høyrer U2 og Queen boltre seg på stasjonen gong etter gong - og helst dei same songane. Det er greitt, det Radio Norge. Eg innrømmer det gladeleg - eg søkjer meg ikkje inn på P2 når eg har Bono i øyret. Men kom ikkje her og sei at det er variert musikk. Listepop frå 70-talet og oppover er ikkje variert musikk. Det er listepop frå 70-talet og oppover. Ferdig med det. Ikkje variert musikk. Høyrer eg plutseleg Mari Boine eller Charlie Hayden på Radio Norge, då kan vi kanskje diskutere det. Men ikkje slik stoda er no. Bytt til “Radio Norge - et snevert utvalg musikk fra de siste fire tiår”, så skal eg smile nøgd.
Tysdag 12 mai gler vi oss til. I alle fall vi i The Simones. Det er eitt år sidan vi stod på Rokkenscena førre gong, då Ingvild framførde bachelorkonserten sin. Eitt år seinare har vi addert nye låtar til repertoaret - stadig med nye tolkingar og musikalske vriar. Vi er veldig spente på ny Rokkenkonsert, og vi vonar sjølvsagt at du har høve til å treffe oss på ein tysdagskveld. Vi vil ta imot deg med blues, gladjazz, folk, soul og funk!
Hjarteleg velkomne!
Tysdag 12 mai 2009
Rokken Scene, Volda
Konsertstart kl 21.00
Inngong: 100/70 (Vidaregåande elevar og internasjonale studentar - 50 kr)
PS! Musikalske smakebitar finn du på mediasida, samt myspace.com/simonesmusikk
Då har eg lagt ut to nye lydfiler på mediasida. Dette er låtar frå ein demo av The Simones, eit jazz/bluesband eg er delaktig i. The Simones starta som eit “eksamensband”, då vokalist Ingvild Elgtvedt trengde eit komp til sin eksamenskonsert på bachelorstudiet i musikk i Volda. Den raude tråden hennar var låtar av den afroamerikanske pianisten og songarinna Nina Simone (1933-2003). Dette bandprosjektet viste seg særs moro, både musikalsk og sosialt, og dermed var The Simones eit faktum. Hausten 2008 køyrde vi den kronglete vegen inn til Svein Erik Åmås i Audiofarm for å feste noko av materialet på teip. Ein tredjedel av resultatet kan du no høyre på mediasida. Eg mistenkjer at det kjem ein MySpace-link her etter kvart òg. I mellomtida - god lytting!
Musikarane på innspelinga er: Ingvild Elgtvedt (vokal), Ingrid Hesjadalen (piano), Miriam Ekvik (trommer), Ingrid Sæbø (tenorsaksofon), samt underteikna (bass/gitar).
Skulle du få lyst til å booke oss til ein gedigen jazz/blues-festival og betale hundretusenvis av kroner, er det berre å ta kontakt!
Eg lurte fælt på kva nyttårsforsettet for 2009 skulle vere. Så kom eg fram til at det måtte vere å lære seg ein del nye songar til trubadurrepertoaret. Men kor mange?
Etter nøye gjennomtenking kom eg fram til det gylne talet. 1000. Eitt tusen.
Vel, så var det kanskje ikkje så nøye gjennomtenkt likevel. Eitt tusen låtar er mykje. Veldig mykje. Men til meir eg tenkte på det og angra meg, til meir provosert vart eg. Kvifor skal ikkje dette vere mogleg? Til slutt måtte eg bukke under for mitt eige press. Eg ville prøve. Så no annonserar eg det - eg skal la det stå til!
No skal det seiast at dette målet er frykteleg krevjande å nå innan 2010. Men målet står like fast, det er uansett ein vinn-vinn-situasjon, då repertoaret kjem til å vekse betrakteleg. Eg kan for ordens skuld definere prosjektet litt meir spesifikt. Eg kan seie at målet for kvar song er å kunne både tekst og akkordar utenat. Eg tillet meg også å trekkje ifrå dei låtane eg kan frå før - eg reknar med det er ein plass mellom 120 og 150. Så i verste fall må eg lære 880 nye låtar. Det første delmålet blir å nå 200 låtar.
No har allereie ein god del av januar passert, og eg er framleis i startgropa. Men eg tenkte at dette kan vere ein fin ting å blogge om, så framover skal eg halde dykk underretta om “tingenes tilstand”. Eg forskar litt på ulike metodar for å konsumere så mykje nytt materiale, og det skal eg skrive litt om seinare!
Vi skrivast/lesast!
Komande oppdrag
3 sep: Volda - Det Grøne Treet
4 sep: Flåm - Fretheim Hotel
11 sep: Eivindvik - Tveita Mat
17-18 sep: Nordfjordeid - Strandstaden
1-2 okt: Fiskåbygd, Trubadurfestival
13 nov: Sogndal Hotell - Dr. Hagen